Misjonsprosjektet i Egypt

Misjonsprosjektet i Egypt

Fra Kairo. Ferske nyheter. Mars 2017

Ein lørdags ettermiddag og kveld i fleire timar på Kairo- bygget til SAT-7. med to live-sendingar og dermed hektisk aktivitet både foran og bak skjermen, kanskje mest hektisk bak! Begge sendingane tar opp tema i samtida. Denne kvelden handla det første om situasjonen for funksjonshemma i dette landet, og ein parlamentarikar med rettighetsspørsmål som spesiale vart intervjua. Det er ein lang veg å gå, for enno er det dårleg med tilrettelegging for dei ulike gruppene, både fysisk og psykisk funksjonshemma, så det er absolutt på sin plass å setta fokus på temaet.

 

I Bridges denne kvelden var det spørsmålet om kyrkja si rolle i politikken som var hovudtema, men dei tok også opp situasjonen i Libanon og i Syria. I slutten av april kjem pave Frans på besøk til Egypt, noko som også vart omtalt (Bridges er det aktualitetsmagasinet som NORAD har vore med og støtta gjennom NMS dei iste åra).

 

Under besøket i Bibelselskapet fekk me sjå nokre av dei nyaste produkta deira, både for vaksne og born. Alt frå små, enkle trykksaker, t.d. om Jesu møte med menneske, til store biblar med kommentarar; NT med plass for eigne notatar, og fint illustrerte hefte for born med bibelfortellingar på arabisk og engelsk.

 

For første gong fekk eg bli med til hovudlageret deira eit stykke utanfor byen. Om lag 20 mann har arbeidet sitt der. Dei lossar containarane når dei kjem frå Kina og Korea med produkta og distribuerer det vidare til mindre lager spreidde rundt i landet. Desse forsyner dei 17 butikkane og kyrkjer og skular med biblar og bibelmateriell.

 

Sist jul hadde dei for første gong ein kampanje der dei delte ut ein fin ransel med bibelfortellingar, aktivitetshefte og spel til barn frå fattige familiar som ikkje har råd til å kjøpa sjølv. 20 000 barn fekk gåva, og viss Bibelselskapet har økonomi til det, planlegg dei  ein liknande kampanje neste jul.

 

På det teologiske fakultetet er gleda stor over første kull som er uteksaminert frå filialen i Aleksandria. Dei 16 studentane er no i arbeid, anten i lønna stillingar eller som frivillige i fleire menigheter i og rundt byen. For NMS er det sentralt å utrusta lekfolk til teneste i kyrkja, så opplegget her er midt i blinken for vår strategi. Halvparten av undervisninga skjer på nett, og for fakultetet i Kairo er dette første steg på eit større opplegg der dei legg opp til at heile opplegget kan tas via nettet. Det betyr at arabisktalande studentar over alt vil kunna registrera seg og følgja undervisninga der dei er.

 

Eg avslutter her, men understrekar at det vil vera interessant for NMS å få tilbakemeldingar, gjerne med spørsmål og kommentarar til det eg informerer om – evt det de skulle ønska at eg informerte om.

 

I ettermiddag går reisa til Anafora og kvinneprosjektet der, men nett-tilgangen der er så som så, så difor sender eg ut denne i forkant. I slutten av veka arrangerer SAT-7 sin årlege givar-konferanse i Beirut. Sjekk ut Facebook og heimesida deira og følg med der. Du vil finna både artiklar og filmklipp med engelsk teksting der.

 

Med takk og helsing frå

 

NMS_blaa_RGBÅslaug Ihle Thingnæs

Regional Coordinator Middle East and Pakistan | NMS

+47 40406015 | www.nms.no

 

 


Del denne artikkel på e-post